Discover Funding Opportunities
Search by topic, keyword, or describe what you need in plain language.
Sign in to match opportunities to your profile.
Kartlegging av tilgjengelegheit - Prosjektmidler 2026
Kommunal- og distriktsdepartementet (KDD) gir gjennom Kartverket tilskot til eit utval kommunar og fylke som vil gjennomføre kartlegging av tilgjengelegheit i tettstader og friluftsområde. Målet er å bidra til at fylka og kommunane skal vere i stand til å utvikle og forvalte arbeidet med universell utforming på ein god og varig måte. Kartverket arbeider med å gjere data tilgjengeleg for kommunane gjennom betre applikasjonar og brukargrensesnitt, og tilbyr kommunane opplæring og teknisk support. Kommunane står for praktisk gjennomføring av kartlegginga, og held sine data ved like. Kartverket held både fysiske og digitale rettleiingskurs i mai/juni. Kartlegginga i kommunane vil fortsette utover sommaren inntil hausten, med kvalitetssikring av data frå Kartverket. Dette er del av eit større nasjonalt prosjekt om bruk av geografiske informasjonssystem for å hente inn og presentere data om tilgjengelegheit, som har pågått sidan 2004.