Discover Funding Opportunities
Search by topic, keyword, or describe what you need in plain language.
Sign in to match opportunities to your profile.
Etablering og drift av studiesenter
Møre og Romsdal fylkeskommune lyser ut inntil 6,85 mill. kroner til studiesenter i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen vil kunne tildele støtte til inntil tre studiesenter i 2026. Studiesenterordninga skal bidra til at utdanning og kompetanseutvikling blir tilgjengeleg for innbyggarar og tilsette i verksemder som ikkje kan følgje ordinær undervisning ved dei faste studiestadane som følge av lange avstandar. Eit studiesenter er ein fysisk møteplass og læringsmiljø som legg til rette for desentralisert og fleksibel utdanning og kompetanseutvikling i distrikta i samsvar med behova til individ og offentlege og private verksemder. Det er vidaregåande skolar, fagskolar, høgskolar og universitet som er fagleg ansvarleg for tilboda ved studiesentera. Måloppnåing skal bli vurdert etter følgande kriterium: auka innsats for etablering av fleire etterspurde fleksible og/eller desentraliserte tilbod om utdanning, auka tal på personar som tileignar seg etterspurd kompetanse, og fleire utanfor arbeidslivet får utdanning og kompetanseutvikling. Fylkeskommunen kan gi tilsegn om tilskot til studiesentera med ei varigheit på inntil tre år.